Denne soga hev eg skrive ned etter minnet,
så godt som eg kan minnast desse meir eller mindre ærefulle hendingane som utgjer soga om rockebanden Barbie Bones.

Upphavet:

Det heile starta i Bjørgvin omlag 1987 år etter Kristi fødsel. Dei to skaldane Yngve og Dag hadde kome seglande nordfrå Sunnmøre nokre år tidlegare og hadde alt hjelpt til med longspel-plata til Kåre og Kjersti frå Bjørgvin. Dei to sunnmøringane meinte dei kunne gjere dette mykje betre sjølve og starta å spele inn desse tonesette kvada sine. Dei ville reise vide i kring og difor skreiv dei på britane sitt tungemål.
Etter nokre veker hadde dei fleire songar på bandspelaren sin og fann då ut at dei trengte fleire folk. Fana-trommeslagaren Rune og bass-spelaren Geir frå Tertnes vart kalla inn saman med tangent-spelaren Sveinung frå Sunnmøre, og det er meg, Sveinung, som skriv denne soga.

Fyrste konserten:

Den siste dagen i fyrste månen, 1988 år etter Kristi fødsel, spelte dei under namnet MONA LISA OVERDRIVE på HULEN i Bjørgvin. Dei frammøtte let svært vel over det dei høyrde denne kvelden, og det vart difor drukke mykje mjød, og lite kan ellers minnast etter dette, men kjekt var det sikkert.

Maksi-singel:





Etter ein tur til Volda på Sunnmøre, der få likte det dei høyrde, vart det på bandtings-møtet avgjort at karane skulle spele inn 3 songar på ei plate, slik at ein kunne sende frå seg ei plate til arrangørar og deretter kanskje få spele for folk rundt om i konge-riket Norge. Sidan svært få likte musikken frå Bjørgvin på den tida, vart platene sende ut utan noko merke på som kunne spore den attende til sendaren. Slik vart SHAKE ME HIP utgjeven.


Frettepålen:

Begge dei to største musikk-avisene i riket let vel over det dei fann mellom dei svarte rillene, og Torgrim frå Eggen, austan i frå, kalla dette for Cyberpunk. Han hadde eigentleg ikkje høyrt på plata, men det hadde kvinna hass, og det var vel ho som likte det.

Svensk tarm-gass:

Etter kvart som banden spelte for folk, og plata vart kringkasta rundt om i riket så meldte det seg rike folk som ville hjelpe desse fattige skaldane vidare framover. Peter frå MISTLUR i Sveariket var lenge klar for eit samarbeid, men syntest ikkje musikken var tantete nok.

EMI:

Etter at snøen smelta, 1989 år e.Kr. kom EMI med eit framlegg til samarbeid. Dette sa karane takk til og fann samstundes ut at dei måtte finna ei ny nemning på banden. Mange namn vart smakte på: C.I.Angels, JingleBells, men på ei øving vinteren, 1990 år e.Kr. vart det semde om BARBIE BONES. Der Barbie skulle skildre det søte og kjekke i musikken, medan Bones skulle stå for det beinharde.

Espen den blonde:

Geir frå Tertnes slutta for å satse på eigen musikk og forlet her soga. Deretter måtte vi leite etter ein ny bass-spelar, og etter nokre månader fann vi tak i Espen, ein glad tjua-gutt frå Bjørgvin.

Brake for nobody:

Longspel-plata "Brake for nobody" vart sleppt etter at bjørkeblada hadde sprotte ut same året. Dag og Yngve skreiv alle songane, og Dag laga i tillegg omslaget til plata. Til og med produksjonen tok dei to sunmmøringane seg av, med unntak av 2 songar som vart produserte av sveitsaren ROLI MOSIMANN som før hadde spelt i SWANS, og som hadde produsert THE THE , THAT PETROL EMOTION, og YOUNG GODS. Plata vart godt motteken av pressa, men selde vel berre 4000 i riket Norge.




Utlandet:

EMI sine menn rundt om i verda ville prøve å selje plata til folk rundt om kring, men dei ville ha levande bilder som viste karane i felten. I samarbeid med Viscom i Bjørgvin laga dei 3 musikkfilmar som eigentleg berre skulle være demonstrasjons-filmar, men som dei rikaste karane tykte var bra nok til å visast slik dei var. Det vart dei, og med det vart plata seld i fleire land i same verdsdelen.

Turnear:

Etter fleire konsertar i Norge, var det no klart for Sverige og Danmark. Det vart spelt mykje, men for lite folk. Den nye britiske manageren Dave Mail hadde ordna med spelejobbar på dokketeater-hus, og plassar folk aldri hadde høyrt om i Sverige. Det vart nersig, men i Danmark var det mykje betre, men allikevel var harmen over briten sopass stor at dei skildest snart som uvener.

Alf Wigen:

Det vart deretter teke kontakt med ein kar frå Rogaland som hadde selt pop-musikk til Fillipinene. Han tok over og sende karane til Tyskland, Nederland, Frankrike, Sveits, og Austerrike. Folk der tok vel imot spelemennene frå nord. Mykje drikking og leven var det fleire kveldar på denne turen nede i salen, med unntak frå Nederland der folk berre stod rett opp og ned og såg ut til å være i ein annan verden.....

ITALIA:

Dei mørkhåra italienarane likte musikken, og kjøpte like mange plater som nordmennene. Dag og Yngve reiste nedover på intervju-runder, og sommaren 1991, reiste vi alle mann rett frå den fyrste Quart-festivalen, og med inter-rail billett til Italia, og AREZZO WAVE-festivalen. Sidan vi hadde god tid stoppa vi i Rimini. Der var Lambruscoen svært så effektiv, og etter eit leitt uhell, måtte Yngve gipse eine foten heilt opp til skrittet. Dette gjorde at han måtte stille på scena med krykkjer med pålimte vengjer. Sidan vi her skulle spele saman med LENINGRAD COWBOYS så hadde Espen teke med seg den blonde sykkel-sete parykken sin.

Amerika 1:





Eit lite selskap i Amerika, RESTLESS, ville selje plata der borte, og karane reiste på hausten året etter at plata kom ut i Norge til Nord-Amerika. Der spelte dei i Ny Amsterdam eller New York som det heiter i dag på ei musikkmesse ved namn CMJ. Og karane fekk spele i den gamle fjøsen CBGB´s på øya Manhatten. Dette var samstundes med at plata vart utgjeven der borte. Nokre gode kritikkar fekk dei sendt over der i frå, men ellers lite. Heile turen vart filma av U-gjengen i Norsk Rikskringkasting, og sendt på fjernsyn eit par veker etterpå.


Death in the Rockinghorse factory:

På denne tida hadde karane spelt inn ei EP-plate, men ein tysk EMI-sjef meinte dei berre skulle spele inn nokre songar til, og få ut ei ny plate i andre månen i 1992. Gjengen sleit livet av seg i sjøbuda i Sandviken, og klarte å få ferdig siste songen Kaptain Nemo på overtid. Dag hadde nok ein gong stått for utforminga av omslaget, men den tyske EMI-sjefen meinte at det svart/sølvfarga omslaget ikkje var så bra som eit anna bilete Dag hadde mala. Han fekk viljen sin, tyskaren, og ting vart sendt i trykken. EMI-gjengen i Oslo rota det til, og brukte feil fotografi på plateomslaget, men det skulle vise seg at dette berre var byrjinga på slutten.




Ny EMI-leiing:

I veka før andre plata skulle ut vart brått nokre sentrale folk i EMI-leiinga omplasserte, og nye folk vart tilsette, men desse kunne ikkje ta til før til hausten.


Dårlege vibbar alle veiar:

Lite fungerte slik det skulle då den nye plata skulle ut, og det vart kasta mykje skit rundt i kring, men lovnaden om ein turne i Tyskland, Nederland, og Belgia heldt motet oppe.

NYE EMI:

Dagen før vi skulle reise til Belgia, vart vi fortalte av dei nye folka i EMI at vi berre skulle gløyme den siste plata vår. Sidan dei ikkje hadde fått styrt utgjevinga, som dei meinte aldri skulle ha førekome, så ville dei byrje heilt på nytt. Gløym utlandet, og reis heller Norge på langs og tvers nokre år slik de alt har gjort no i 5 år.


BAD RELIGION:

Vi var langt nede, men vi hadde fått over 100.000 norske riksdalar i turnestøtte for å reise saman med BAD RELIGION i Europa. Lite visste vi om dette bandet, men vi forstod raskt at dei var store der vi kom. Eit par tusen skjeler møtte fram kvar kveld for å høyre den melodiske og fleirstemte pønkemusikken. Og vi fekk spele for dei alle.

GO BANG!

GO BANG!-festivalen i Berlin og Bremen var ein del av turen, og i Bremen spelte vi for 11.000 saman med BAD RELIGION, PEARL JAM, SISTERS OF MERCY, CONCRETE BLONDE, og FURY IN THE SLAUGHTERHOUSE.




NEW MUSIC SEMINAR:





Etter Tyskland reiste vi beine vegen til Fornebu der vi tok flyet til New York for å spele på New Music Seminar. Kvifor vi gjorde dette veit eg ikkje for den nye plata skulle ikkje utgjevast i U.S.A. Men det var ein gjev tur.

SPELEMENN:

Deretter vart det stillt. Folk reiste kvar til sitt. Men utpå nyåret 1993 fekk vi Spelemannsprisen for beste rock-plate i 1992. Prisen ga vi vekk til GARAGE i Bjørgvin, og den hjalp oss ikkje noko, men sjølve festen på Lillehammer er noko av det betre eg har vore med på.

KVEN DREPTE BARBIE BONES?

Dette er eit spørsmål monge har tenkt på, og her kan du gisse kva som er rett:


Fritt etter minnet åt skalden Sveinung Leifson Igesund
1996